Jordbær

Report
På min måte
Om lønnsemd og
dyrketeknikk
Prinsipielle forhold som avgjerd lønnsemd
1. Lite investering
2. Rett dyrking
3. Sal av bær, fersk eller industri
4. Støtteordningar
Lite investering
Investerar ein mykje treng ein driva mykje lenger
før det lønar seg. Det gjeld særleg:
 Maskinar og utstyr som traktor, sprøyteutstyr,
vatningsopplegg og anna. Noko trengs alltid. Noko er
det mulig å leiga (plastleggjar t. d.)
 Hus til plukkehjelp. Skal ein byggja går økonomien til
det i starten.
Rett dyrking
 Gode areal med store og reine kantsoner, dvs. fri frå
uheldig kantvegetasjon.
 Med eller utan plast, begge måtar har sine fordeler.
Meir om det under.
 Rett dyrketeknikk. Her vil me under særleg stoppa for
etablering og kampen mot ugras og gråskimmel.
Sal av bæra
 Industri: Enkel og einsarta plukking, enkel levering,
lågare pris
 Direkte til konsum: Det er lite realistisk og omsetja
alt på den måten og vil difor innebera begge måtar.
Ulike plukkemåtar
b. Krav til meir utstyr og salsapparat
c. Kjem i konkuranse med andre
d. Sortar som gjev betre avling
a.
Sjølv har eg lojalt levert til Luster Grønt.
Tilskot og fagmiljø
At det er godt fagmiljø og kommunale
støtteordningar betyr mykje.
Utan godt dyrkarmiljø, etableringstilskotet i Luster (dekkar
ein god del av tilplantings kostnadane) og bærkonsulent
John Halvorson, så hadde eg knapt starta.
Med eller utan plast
Sjølv har eg prøvd begge deler men har etter
kvart landa på utan plast, først og fremst
pga. større avlingar.
Fordeler utan plast
 Større avlingar
 Enklare og rimelegare etablering (plastlegging, hol)
 Lenger omløp (Større potensiale for fornying)
 Mindre problem med rotsnutebille (Valldal)
 Enklare med vatning, gjødsling og delvis spøyting (du
får ikkje nøyaktig beregning av spiregift med plast)
 Slepp kosting om våren
Ulemper utan plast
 Større krav til kontroll over ugras
 Meir luking, særleg i eldre felt (Brukar over ei krone pr
kg bær til luking)
 Meir problem med skitne bær, særleg første bærår
 Meir opptørking (fuktighet) og utvasking av gjødsel
 Mulig lågare temperatur i feltet og meir krevjande
plukking (tette hekkar)
Forhold og tips - plukkehjelp
 Einsarta gruppe: Dei skal trivast i lag og ein unngår
rivalisering og fråskriving av ansvar
 Kontakt utanom arbeid (volleyball, tur, mat og prat).
Trivst plukkarane er alt lettare.
 Må vera sjef i åkeren, ha respekt (rettferdig og
myndig). Tydelege beskjedar!
 Språk: Viktig med god formidling av info. Har gjerne
valt ein av dei meir rutinerte som beherskar engelsk
godt, til kontaktperson (gjeve litt betaling for jobben).
Om dyrkinga
 Etablering
 Plantevern (særleg ugraskamp)
 Under plukking (kontroll og kvalitet)
 Vinterdekking.
Etablering
 Viktig med grundig brakking
 Rett grunngjødling/kalking
 Vårplanting eller haustplanting
 God oppdrilling med jamn og rett avstand
mellom radene
 Hindra frøugras
Viktig med grundig brakking
 Bruk gjerne eit år
 Første brakking – stor vegetasjon
 Fullfør åkeren og lat det koma opp ugras, kan endå til
gjera oppdrillinga ferdig
 Brakk på ny! Om det ikkje er stort plantemateriale, så forsvinner
det fort og er ufarleg etter nokre dagar.
Rett grunngjødling/kalking
 Husdyrgjødsel? Gjev god gjødsling, men ugras
 Kalking etter gjordprøve, dolomittkalk
 Tilføring av Bor (solubor sprøytast ut)
 Fullgjødsel etter jordprøve og gjødselplan. Forsiktig
med N-gjødsel og Senga. For god vegetativ vekst aukar
faren for gråskimmel (stort problem i Fortun med lite
sol og vind og mykje dogg).
God oppdrilling med jamn og rett
avstand mellom radene
 Unngå kløft på toppen av drillen
 Rett avstand mellom radene er viktig med tanke på
soppsprøytinga
Sjølv har eg nytta fire planter på meteren og 1,40 m
mellom radene
Vårplanting eller haustplanting
 Vårplanting gjev større avling første bærår
 Haustplanting har òg føremoner
1. Billegare planter
2. Mindre fare for uttørking
3. Kan ta utløparar frå eigen åker (1 og 2 år)
4. Haustplanting tåler godt vinteren (i Fortun ikkje
seinare enn tjuende august utan dekke
Hindra frøugras
 Sprøyt med spiregift (Gallery, Goltix, Betanal) etter
tilslamming
 Gjenta det om våren dei første åra
Eit godt tips
Det er god økonomi i
å leggja utløparar opp i holet/drillen det første året
(år to ved haustplanting).
Det gjev avlingsauke i starten.
Plantevern
Hovudutfordringa
 Unngå ugras
 Hindra gråskimmel
Ugras
 Kom ikkje på etterskot. Betre føre var enn etter snar!
 Sjå på kvart ugras, særleg rotugras som ein stor fare.
Dei svekkar plantene, aukar faren for rotning og for
at ugraset tek overhand. Feltet får kort levetid
 Gode middel mot gras (Select-Renol, Focus Ultra o. a)
 God kjemisk hjelp mot frøugras
 Mot rotugras: Først og frems luking, nokre middel
(Matrigone, punktsprøyting med MCPA og Mecoprop)
Reine gongar
Frø og utløparar spreier seg fort
Sjølv har eg brukt glyfosat (Roundup) med skjerma
sprøyting.
Gjev godt resultat
Krev ekstrem varsemd og stille vér
Sviing av utløparar
 Reglone før bæranlegga kjem for langt ut (Svært dumt
at Finale forsvann! Den gav mykje meir varig verknad)
 Reglone mot utløparar (og anna!)om hausten.
 Då bestemmer ein òg breidda på hekken. For breid
gjev rotning, for smal gjev lågare avling.
Tjue cm er høveleg!
Gråskimmel
 God ugraskamp bidreg veldig mykje til gode og luftige hekkar.
 Sprøyteplan: Ein må fylgja ”sprøyteplanen” godt. Vatn skal
tilførast etter sprøyting, då blomen er ”lakkert”, ikkje før. Ein har
no gode soppmiddel, men ver oppmerksam mot resistens.
 Godt og funksjonelt sprøyteutstyr: Det er viktig å få
sprøyteveska godt inn i og å dekkja heile drillen. Sjølv nyttar eg
ein ”heimelaga bom” med fem dyser pr. rad. Det er viktig å bruka
nok veske. Sjølv har eg òg stundvis nytta Urea og anna gjødsel
saman med sprøytemiddelet.
 Fjerna sjuke bær: Kven har ikkje sett korleis ein brun liten
kjeltring av eit bær gjev ein lodden grå klase til sist. Det er viktig
å fjerna rotne bær (kvit kasse under bakken) ut av feltet.
Plukkinga
Her trur eg det vert juksa litt. Ein går altfor lett ut frå at
plukkarane kan det dei skal.
 God hygiene
 Plukketeknikk
 Rett bærbehandling
 Kvalitetskontroll
 Reine rader
God hygiene
 Gode toalettrutinar, vatn, såpe, desinfisjonsmiddel
 Reine bakkar
 Reint ved innveging og lagring
 Rotne bær skal ikkje berøra bakkane, eigen boks under
(Gildekassar under)
Kvalitetskontroll
Må fotfylgja dei i starten
Sjekka farge og kvalitet stadig
Tydeleg og eksakt tilbakemelding
Tillat ikkje slurv med kvaliteten
Seinare i sesongen må ein stadig ta stikkprøvar av
kvalitet
Reine rader
Dette er det eg har brukt mest tid på når det gjeld tilsyn
Det skal plukkast reint, alle gode og alle rotne!
Stadig skjekk, særleg i starten
Omplukk om det er dårleg
Dårleg utplukking øydelegg sesongen både for seg
dyrkar, dei andre plukkarane og dei sjølve!
Rotne bær utav feltet
Vinterdekking
Fordeler
 Større avling
 Vern mot frostskade
Ulemper
 Meirkostnad
 Meirarbeid
 Sårbart for hjort

similar documents