Bruk av forventningsnormene

Report
Bruk av forventningsnormene
i ulike fasar av skrivearbeidet
Nokre påminningar på tampen
av det siste offisielle Normprosjekt-året
Kjernen i Normprosjektet:
felles forventningar
Målsettinga vår:
• Å utvikle og prøve ut eksplisitte forventningsnormer for
skriving, og
• å finne ut kva effekt desse kan ha på elevane sin
skrivekompetanse og lærarane sin vurderingspraksis.
Korleis kan forventningsnormene brukast…
• i planleggingsfasen?
• i undervisninga?
• i vurderinga?
– den summative
– den formative
I det følgjande skal vi sjå nærare på bruken av
forventningsnormene i desse fasane
med utgangspunkt i eit tenkt skriveopplegg.
Planleggingsfasen
Eit døme frå oppgåvebanken, her tenkt gjennomført på 7. trinn:
Beskriv ein mjølkekartong for ein medelev. Bruk så mange
matematiske omgrep som mogleg.
Kva vurderingsområde kan det vere relevant å arbeide med – ut
frå fagplanane, formålet med skriveoppgåva og elevane sine
behov?
Våre tenkte val:
• Kommunikasjon – med vekt på mottakar
• Språkbruk – med vekt på fagterminologi og språkleg stil
…
Aktuelle kriterium for eleven,
utleidde frå forventningsnormene etter 7. trinn
Kommunikasjon:
Du skal …
• vende deg på ein relevant
og føremålstenleg måte til
ein medelev
Diskuter med elevane:
Kva vil dette seie?
Språkbruk:
Du skal …
• ta i bruk geometriske
fagomgrep
• bruke eit variert og presist
ordtilfang
• bruke ein føremålstenleg
språkleg stil
Undervisninga
• Arbeid med det matematiske faginnhaldet og relevante
geometriske omgrep
• Introduksjon av skriveoppgåva:
– Skrivehandling: Å beskrive
– Føremål: Kan diskuterast – organisere/utvikle/utveksle
kunnskap
 å skrive både for å lære og for å formidle
• Presentasjon og diskusjon av oppgåva og kriteria utleidde av
forventningsnormene
Elevane må vite kva som
blir forventa av dei!
Summativ vurdering
• Vurder tekstane ut frå forventningsnormene og den
femdelte skalaen. Hugs at midtnivået, M3, er
definert som det som er rimeleg å forvente etter fire
og sju års opplæring (= forventningsnormene)
• Bruk gjerne vurderingsskjemaet.
• Lag gjerne meistringsprofilar
som illustrerer kor godt
eleven gjer det.
Formativ vurdering
- med utgangspunkt i ein tenkt summativ meistringsprofil
M5
M4
M3
M2
Kvar er eleven på veg?
Kva er neste steg?
M1
Komm.
Innhald
Tekstopp. Språkbruk
Rettskr.
Teiknsett.
Skriftmed.
Formativ tilbakemelding
• Kva vil vi framheve i tilbakemeldinga på elevens tekst? Og
kvifor?
• Korleis kan tilbakemeldinga formulerast
og formidlast til eleven?
Ta utgangspunkt i normene
• ta omsyn til felles læringsmål
• ta omsyn til enkeltelevens prestasjon i lys av tidlegare arbeid
Tilbakemelding til ein tenkt elev på førsteutkastet av
teksten – nokre forslag med utgangspunkt i kriteria
Kommunikasjon:
• Tenk over: Korleis fangar du merksemda til medeleven din, og
korleis når du fram med innhaldet? Kan du gjere dette endå betre?
(T.d. gjennom overskrift, ev. tiltale, bruk av felles referansar …)
Språkbruk:
• Du har ein konkret og sakleg språkleg stil. (Vis gjerne til døme i
elevteksten)
• Du viser at du meistrar fleire sentrale fagtermar for beskriving av
lengd, areal og volum. Tenk over kva termar du kan bruke for
beskrive toppen av kartongen meir presist.
Generelt: Du har bygt opp teksten din på ein førebiletleg måte, først
med vekt på grunnflate og deretter volum. Lesaren fortener å få dette
formidla med ei tydelegare skrift og eit ryddigare oppsett.
Eit anna døme:
Utforskande oppgåve om forsøk med papirfly, 4. trinn
• Ei av normene under Innhald gjeld utdjuping av emnet. Dette kan
vere utgangspunkt for følgjande mål:
• Du skal presentere innhald som gjer at lesaren forstår kva du har
gjort, og korleis du har tenkt.
• Aktuell tilbakemelding til ein elev: Vi er nysgjerrige på dei to andre
flya. Kan du skrive korleis dei såg ut og kor langt dei flaug? Kvifor
blei det slik, trur du?
• Under Bruk av skriftmediet fokuserer ei av normene på ulike
uttrykksmiddel, m.a. bruk av bilde. Dette kan vere utgangspunkt for
følgjande læringsmål:
• Du skal bruke teikningar for å illustrere forsøket.
• Aktuell tilbakemelding til eleven: Vi ser at du har begynt å lage ei
teikning av eitt av flya. Lag gjerne teikningar av alle og markér kor
langt dei ulike flya flaug.
Ei oppmoding til slutt: Ikkje gløym ressurshefta!
Om skrivehjulet, skrivehandlingane og skriveoppgåvene,
forventningsnormene og den læringsstøttande vurderinga

similar documents